Gratis kino
Torsdag 4. oktober kl. 17:30 inviterer me deg til gratis kinoframsyning!
Banken har reservert alle kinosalane i Voss Kulturhus, og Voss Kino viser denne ettermiddagen filmen De utrolige 2 spesielt for oss. Filmen varer i omlag 2 timar og 5 minutt.
Me gir vekk billettane til filmen gratis – så ta med deg sysken, foreldre eller ein ven på kino!
Billettar til filmen må hentast i banken på førehand. Det er eit avgrensa tal på billettar, så det er lurt å vere tidleg ute med å skaffe seg billett!
Har du spørsmål – ta kontakt med oss på telefon 56 52 03 00 eller post@vossabanken.no.
Vonar me sjåast på kino!