Nyttige ferietips
Før du reiser på tur er det ein del ting du må hugsa på, og som kan vera lurt å ordna i god tid før avreise. Me har difor laga ei lita oversikt over det du bør hugsa å gjera i banken før turen.
Kort
Ta godt vare på kortet ditt. Oppbevar det på ein trygg plass, og sjekk med jamne mellomrom at du har kortet på deg. Her kjem nokre enkle tips knytt til kortet ditt.
To kort
Dersom kortet ditt vert vekke eller øydelagt, er det viktig å ha eit alternativ. Det beste er å ha to kort, der kort nummer to godt kan vera eit MasterCard Gold.
Sjekk regionsperra på kortet ditt
Du kan endra regionsperra i mobilbanken eller nettbanken din. Opna opp for regionen (-ane) du skal reisa til, og la dei andre vera sperra. Hugs å sperra for dei same regionane att etter at reisa er over.
Sperretenesta
Sperr kortet straks du oppdagar at det er borte, eller dersom du får mistanke om at kortinformasjon eller PIN-kode er kome på avvegar. Kontroller kontoen jamnleg, og sperr kortet straks dersom du ser mistenkjelege transaksjonar på kontoen din.
Du kan sperra kortet ditt i mobilbanken eller nettbanken, eller ved å ringja banken si døgnopne sperreteneste på telefon (+47) 56 52 03 00 og tasta 2. Det er lurt å lagra nummeret på telefonen din.
Unngå valutafella
Dersom du får valet mellom lokal eller norsk valuta når du skal betala i utlandet – vel lokal valuta. Vel du norsk valuta er det den lokale butikken eller banken som bestemmer vekslingskursen.
Unngå for mykje pengar på kortkontoen
Det er uansett ferie eller ikkje eit godt tips å ikkje ha for mykje pengar på kortkontoen. Unngår ein dette vert tapet mindre om noko skulle skje med kortet.
Kortvett
Pass på kortet ditt, og unngå svindel. Oppbevar kortet som eit verdipapir. Lær PIN-koden utanat, og skjul alltid inntasting av koden – både i minibankar og betalingsterminalar. Kontroller at det ikkje er montert ekstra deksel eller liknande på minibanken før du set inn kortet. Dersom kortet ditt vert ståande fast utan at minibanken fortel at det er slukt – kontakt den aktuelle banken eller politiet, og bli ved minibanken til dei kjem. Ikkje takk ja dersom ein «hjelpsom» person ber deg tasta koden på nytt! Ikkje legg frå deg kortet i baren ved restaurantbesøk, og kontroller alltid kortrekninga før du signerer eller tastar kode.
MasterCard Gold
Kredittkortet MasterCard Gold er eit godt alternativ som kort nummer to på reise.
Reiseforsikring
Ei god forsikring kan vera til stor hjelp når du er på reise. Forsikringa har dekningar som kan hjelpa deg dersom reisegods forsvinn, eller for meir alvorlege tilfelle som sjukdom og skade. Frende Forsikring si reiseforsikring har fleire år på rad vorte kåra til den beste i marknaden. Du kan kjøpa reiseforsikringa sjølv i nettbutikken, eller du kan ta kontakt med oss i banken.
Mobilbank
Mobilbank gir deg enkel tilgang til dei vanlegste nettbanktjenestene. Om du er på hytta, på ferie eller heime i sofaen – du har alltid tilgang til banken – der du er. Tenestene i mobilbanken er i stor grad dei samme som i nettbanken, og Mobilbank vil difor vera ei praktisk løysing å ha med seg på reise.
BankID på mobil
Viss du har BankID på mobil, kan du logga inn i nettbanken, mobilbanken og ei rekkje andre stader utan å måtte bruka kodebrikka. Mobiltelefonen har du som regel alltid med deg, og BankID på mobil er difor ei super løysing for deg som er på farten. Du aktiverer BankID på mobil i nettbanken din.