Gå til sideinnhold
Bilete - Illustrasjon Mobilbetaling Fitbit Pay

Fitbit Pay

Med Fitbit Pay kan du erstatta det fysiske bankkortet ditt med ei smartklokke, og nytta klokka til å betala.

Kom i gang med Fitbit Pay

  • Last ned Fitbit-appen og synkroniser med klokka di
  • Legg inn kortet ditt i Fitbit Pay i appen
  • Stadfest med eingongskode som du får på SMS
  • Du er klar til å ta i bruk klokkebetaling

Betal med Fitbit Pay

Du kan betala med Fitbit Pay på alle betalingsterminalar som er merka med symbolet for kontaktlaus betaling.

Slik betalar du:

  • Aktiver skjermen på klokka di og vel Fitbit Pay
  • Vel kortet du vil betala med
  • Hald klokka inntil betalingsterminalen
  • Betalinga er godkjent når både betalingsterminalen og klokka viser «Godkjent». Du får også ei stadfesting som pushvarsel på telefonen din.

Ofte stilte spørsmål

Kostar det noko å bruka Fitbit Pay?

Nei, det kostar ingenting å bruka Fitbit Pay.

Kva kort kan eg leggja inn i Fitbit Pay?

Du kan leggja inn VISA Debit og VISA Online i Fitbit Pay.

Kor sikkert er det å bruka Fitbit Pay?

Fitbit Pay nyttar eit digitalt kortnummer – eit såkalla «token» i staden for kortnummeret ditt. Tokenet vert kryptert og lagra sikkert i appen og på klokka. Det vanlege kortnummeret ditt vert aldri lagra på mobiltelefonen, i klokka eller på Fitbit sine serverar. Kortnummeret vert aldri delt med betalingsstaden. Dette gjev ein god tryggleik for deg som brukar Fitbit Pay.

All bruk av Fitbit Pay må godkjennast med PIN-kode dersom du har teke av deg klokka sidan forrige gong du tasta inn PIN-koden på klokka.

Eg ser ei ukjent betaling i Fitbit Pay. Kva gjer eg?

Sperr kortet ditt i mobilbank eller nettbank, eller ta kontakt med sperretenesta vår på tlf. +47 56 52 03 00 – tast 2.

Eg har mista Fitbit-klokka mi. Kva gjer eg?

Sperr kortet ditt i mobilbank eller nettbank, eller ta kontakt med sperretenesta vår på tlf. +47 56 52 03 00 – tast 2.