Logg inn

Støtteordningar for næringslivet

Styresmaktene arbeidar no med fleire støtteordningar for næringslivet som er råka av korona-utbrotet. Desse ordningane vil vera aktuelle for mange av kundane våre. Det er to hovudordningar som er lagt fram til no; den eine er ei «kontantstønadsordning» for dekking av faste kostnadar, den andre er ei ordning der staten garanterer for nye lån.

Ta kontakt med rådgjevaren din, eller banken på e-post post@vossabanken.no , tlf: 56 52 03 00, so finn me løysingar for deg.

 

Les meir

Til toppen