Me ynskjer at du skal vere nøgd med å vere kunde hjå oss. Dersom det er noko du er misnøgd med, eller er ueinig med oss i, set me pris på at du tek kontakt med oss. På den måten kan me hjelpe deg.
Ta først kontakt med oss
Det viser seg ofte at ein telefonsamtale er alt som skal til for å gi svar på spørsmåla dine, og oppklare eventuelle misforståingar. Ta kontakt med banken på 56 52 03 00.
Dersom kontakten med banken likevel ikkje skulle føre fram, kan du sende ein skriftleg klage der du grunngjev ditt standpunkt. Klagen kan sendast som ein e-post til [email protected], eller som brev til fylgjande adresse:
Voss Sparebank
Postboks 50
5701 VOSS
Du kan også bruke skjemaet nedanfor til å sende inn din klage.
Finansklagenemnda
Dersom me ikkje vert samde, kan du ta saka vidare til Finansklagenemnda som er finansbransjen sitt uavhengige klageorgan. Nedanfor finn du postadresse, og lenkje til nemnda sine nettsider.
Finansklagenemnda
Postboks 56, Skøyen
0212 OSLO