I samsvar med «Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomloven)» §2-7b, er banken pålagd å informere om kva informasjonskapslar (cookies) som vert nytta på banken sine nettsider og tenester.
Lagring av opplysningar, og handtering av desse opplysningane er ikkje tillate med mindre brukaren er informert om, og har gitt samtykke til, kva opplysningar som vert samla inn, kva føremålet med innsamlinga er, og kven som samlar inn opplysningane.
Banken er forplikta til å handtere personopplysningar på ein sikker måte. Personopplysningslova, og konsesjonen frå Datatilsynet regulerer korleis banken skal handtere desse opplysningane.
Informasjonskapslar (cookies) frå Google Analytics vert nytta for å gi informasjon om korleis besøkjande brukar nettstaden, og vert nytta av banken for å forbetre brukaropplevinga. Inneheld ingen personlege opplysningar, og vert nytta til webanalyse. Her er det besøk og navigasjon på nettstaden som vert spora. Google Analytics vert kun nytta på nettsidene og ikkje i innlogga nettbank.
_ga
Vert lagra i 26 månader
_gat
Vert lagra i 10 minuttar
_gid
Vert lagra i 24 timar
Banken nyttar Facebooks re-targeting/pixel, for å utføre statistiske analysar og profilering i samband med marknadsføring.
Når du brukar Facebook sine tenester, gjeld deira informasjonskapslar. Du kan lese meir om desse informasjonskapslane her: https://www.facebook.com/about/privacy/.
På nokre av våre nettsider kan du lenkje til / bruke Like-knappen på Facebook, Twitter og LinkedIn. Ver merksam på at viss du gjer det, vil Facebook, Twitter og/eller LinkedIn motta tekniske data om nettlesaren din, IP-adressa og sidene du besøkjer.
Kalkulatorar
Nettsidene våre nyttar kalkulatorar frå Brage Finans. Desse nyttar analyseverktøya Hotjar og Google Analytics for analyseføremål og forbetring av kundeopplevinga.
_ga
Vert lagra i 38 månader
_gat_UA-<nummer>
Vert lagra i 10 minuttar
_gid
Vet lagra i 24 timar
_hjlncludedlnSample
Fortel Hotjar om eit besøk er inkludert i utvalet som vert nytta til å lage flyt-rapportar.
__adsTool_sessionId
Vert nytta i samband med våre interne marknadsføringskampanjar. Vert lagra i 24 timer.
__adsTool_values
Vert nytta i samband med våre interne marknadsføringskampanjar. Vert lagra i 24 timer.
Det vert også nytta ein del informasjonskapslar (cookies) som vert lagra medan du brukar nettbanken, men som vert sletta når du går ut av nettlesaren. Desse hjelper nettbanken å fungere. På grunn av si korte levetid er vi ikkje pålagd å liste opp desse.
Korleis unngå informasjonskapslar?
Dersom du ikkje vil akseptere vår bruk av informasjonskapslar (cookies), kan du gå inn og trekkje tilbake ditt samtykke ved å endre innstillingane i nettlesaren, slik at du anten blokkerer informasjonskapslar frå å verte lasta ned automatisk, eller at du får eit val om å laste ned kvar enkelt informasjonskapsel. Informasjonskapslar som har vorte lasta ned tidligare kan også slettast av nettlesaren.
Me gjer merksam på at dersom du vel å blokkere informasjonskapslar, kan dette medføre at enkelte tenester på våre nettsider ikkje fungerer optimalt, eller at du ikkje får tilgang til alle deler av nettstaden vår.