NettBedrift
NettBedrift er nettbanken som er spesielt tilpassa bedrifter, og gir tilgang til ei rekkje tenester uavhengig av banken sine opningstider.
NettBedrift gir mellom anna tilgang til betaling (inn- og utland), konto- og transaksjonsinformasjon, integrasjon med løns- / rekneskapssystem, og meldingar om innbetaling (OCR-retur). Fleire kundeforhold kan knytast til same NettBedrift-avtale, og avtalen kan ha fleire brukarar.
For mindre bedrifter kan NettBank vere eit alternativ til NettBedrift.
Ta kontakt med din rådgjevar for å finne den beste løysinga for di bedrift.
AvtaleGiro
AvtaleGiro er ei teneste for automatisk betaling av faste rekningar, og er spesielt eigna for bedrifter med ein stabil kundemasse som har regelmessige innbetalingar med faste eller varierande beløp.
Fordelen med AvtaleGiro er at bedrifta får ein effektiv måte å krevje inn betalingar på. Utsending av betalingskrav og oppdatering av reskontro skjer elektronisk, og bedrifta kan redusere sine kostnader knytt til utskrift, pakking, utsending og etterbehandling av rekningar.
På www.avtalegiro.no finn du ein guide til korleis ein kjem i gang med Avtalegiro.
Ta kontakt med din rådgjevar for meir informasjon.
Kort
EnterCard Business
EnterCard Business er eit firmakort for små- og mellomstore bedrifter. Kortet forenklar og reduserer administrasjon knytt til reiser og andre utlegg, og dei tilsette har alltid pengar tilgjengeleg for å gjere opp for utlegg i jobbsamanheng.
Ein gong i månaden får bedrifta ein oversiktleg faktura med alle transaksjonar gjenomført med kortet. Det vert ikkje trekt renter før forfall, noko som gir inntil 45 dagar rentefri betalingsutsetting. Kortet krev full innfriing kvar månad.
EnterCard Business har ei kostnadsfri reise- og avbestillingsforsikring som gjeld når minimum 50% av transportkostnadene på reisa er betalt med kortet. Forsikringa dekkjer også inntil tre medreisande.
Med vår KortAssistanse får du ei døgnopen teneste der du kan ringje for å sperre kortet ditt om du får behov for det. Med KortAssistanse får du òg tilgang til nødkontantar / nødbilletter. Ring 73 89 77 56.
EnterCard Business er eit samarbeid mellom Voss Sparebank og EnterCard Norge, filial av EnterCard Group AB (org.nr 919 061 545), der EnterCard er kredittgjevar. Kredittenestene knytt til produktet vert utstedt under varemerket EnterCard.
Ta kontakt med banken for meir informasjon om kortet.
VISA Debit og VISA Online
Bedrifta kan også velje å utstyre tilsette med VISA Debit eller VISA Online. Dette er debetkort som er knytt til bedrifta sin konto i banken, og bruk av kortet vert belasta direkte frå kontoen.
OCR giro
OCR giro er ei innbetalingsteneste for alle typar rekningar. Bedrifta slepp manuell registrering av innbetalingar, og får automatisk oppdatert kundereskontroen. OCR giro passar for alle bedrifter uansett storleik og kundestruktur, og kan nyttast til både faste og tilfeldige rekningar.
Ved bruk av OCR giro sender bedrifta ut faktura med ferdig utfylt kundeidentifikasjon (KID) til kundane. Når KID ver brukt ved innbetaling, får bedrifta ein spesifikasjon av innbetalinga på fil (OCR-fil) for automatisk oppdatering av reskontroen, og slepp manuell registrering av innbetalingane.
Dei fleste økonomisystem er lagt til rette for å kunne bruke OCR giro.
Ta kontakt med din rådgjevar for meir informasjon.
Lønningslister
Lønningslister levert til banken før kl. 11.00 vert posterte samme dag. Dersom ikkje anna er avtalt, vert lønningslister levert etter kl. 11.00 posterte neste bankdag. Lister kan leverast i banken, eller sendast på e-post til [email protected].
Kundar med NettBedrift kan sjølv registrere lønsutbetalingar i NettBedrift.