BankID
BankID er ein personleg elektronisk legitimasjon for sikker identifisering og signering på internett. BankID kan nyttast på tvers av bankar i Noreg – i tillegg til ei rekkje andre nettstader.
Dette er BankID
Bruk av BankID kan delast inn i to hovudgrupper – identifisering og signering.
Når du loggar deg inn på ein nettstad med BankID – for eksempel nettbanken – brukar du BankID til å identifisere deg overfor denne nettstaden. BankID fortel nettstaden at du er den du gir deg ut for å vere. Med BankID kan du logge deg inn på alle nettstader som tilbyr denne innloggingsmetoden.
BankID kan også nyttast til å signere transaksjonar, dokument og avtalar elektronisk. Ein elektronisk signatur med BankID er like bindande som ein handskriven signatur på papir. Fordelen med å signere med BankID, er at du slepp å måtte sende dokumenta i posten eller møte opp personleg for å signere.
Slik bestiller du BankID
BankID bestiller du sjølv i nettbanken din:
- Logg inn i nettbanken med kodebrikka du har fått frå banken.
- Vel «BankID og BankID på mobil» i menyen.
- Du vert leia gjennom ein enkel bestillingsprosess.
- Passord for BankID får du på e-post.
- Din BankID vil vere aktivert og klar til bruk etter kort tid.
Slik identifiserer du deg med BankID
Når du identifiserer deg (loggar inn) med BankID på ein nettstad, vil skjermdialogen du møter sjå lik ut uavhengig av kva nettstad du er på. Innlogging med BankID består av tre trinn:
- Du tastar inn fødsels- og personnummeret ditt.
- Du tastar inn sikkerheitskode frå kodebrikka di.
- Du tastar inn det personlege BankID-passordet ditt.
Slik signerer du med BankID
Når du brukar BankID til signering, ser skjermdialogen litt annleis ut enn for identifisering. Du får mellom anna presentert dokumentet, avtalen eller transaksjonen du skal signere slik at du kan lese og godkjenne innhaldet før du sigenrer. Sjølve signeringa gjer ein på same måte som ved identifisering:
- Du tastar inn fødsels- og personnummeret ditt.
- Du tastar inn sikkerheitskode frå kodebrikka di.
- Du tastar inn det personlege BankID-passordet ditt.
BankID App
Med BankID App har du med deg kodebrikka di digitalt på mobilen, og du treng ikkje til dagleg den fysiske kodebrikka for å logge inn eller signere avtalar med BankID. Du godkjenner enkelt innlogging og/eller signering i appen. Du må ha ein aktiv BankID eller BankID på mobil for å aktivere appen.
Slik aktiverer du BankID App
- Last ned appen frå AppStore eller Google Play.
- Identifiser deg med BankID på mobil eller BankID med fysisk kodebrikke.
- Bruk BankID App når du loggar inn med BankID.
Fyrste gong etter aktivering må du velje appen som metode. Du kan alltid endre dette seinare under valet «Velg annen BankID» viss du i staden vil bruke BankID på mobil eller fysisk kodebrikke.
Ikkje kast kodebrikka!
Det er viktig at du framleis tek vare på den eksisterande kodebrikka di. Du kan få bruk for for kodebrikka viss du til dømes må aktivere BankID App på nytt på telefonen din, eller aktivere den på ein ny telefon. Det pågår arbeid med å forenkle BankID, kodebrikker og passord, slik at du framtida ikkje treng kodebrikke.
BankID på mobil
Med BankID på mobil kan du logge inn i nettbanken og mobilbanken utan å måtte bruke kodebrikke. Du kan også bruke BankID på mobil til å logge inn på ei rekkje andre nettstader.
BankID på mobil har same bruksområde som «vanleg» BankID, og kan såleis nyttast som personleg elektronisk legitimasjon for sikker identifisering og signering på internett. Skilnaden er at sjølve BankID-sertifikatet er lagra i SIM-kortet i mobiltlefonen, noko som gjer at ein slepp å bruke kodebrikke.
Slik aktiverer du BankID på mobil
BankID på mobil aktiverer du sjølv i nettbanken din. For å kunne aktivere BankID på mobil, må SIM-kortet ditt vere klargjort for dette. Før du går inn nettbanken, kan det vere lurt å teste SIM-kortet og mobiltelefonen din. Klikk på knappen nedanfor for å gjere denne testen.
Dersom testen var vellukka, kan du aktivere BankID på mobil i nettbanken din:
- Logg inn i nettbanken – anten med brukarnamn og passord eller BankID.
- Vel «BankID og BankID på mobil» i menyen.
- Aktiveringsprosessen vil føregå både i nettbanken og på mobiltelefonen din.
- Du legg sjølv inn PIN-kode (ID-PIN) du ynkjer å bruke for BankID på mobil.
- Aktiveringa er gjort på få minutt, og du får SMS når BankID på mobil er klar til bruk.
Slik identifiserer du deg med BankID på mobil
Når du identifiserer deg (loggar inn) med BankID på mobil på ein nettstad, vil skjermdialogen du møter sjå lik ut uavhengig av kva nettstad du er på:
- Tast inn mobilnummeret og fødselsdatoen din på nettstaden.
- Du vil få opp ein referanse både på mobilen og PC-en din.
- Kontroller at referansen på mobilen og PC-en er identiske.
- Dersom referansen stemmer, stadfestar du med din ID-PIN.
Slik signerer du med BankID på mobil
Når du brukar BankID på mobil til signering, vil du i staden for ein referanse få opp ei melding på mobilen din med detaljar om det du skal signere – for eksempel beløp og kontonummer når du signerer ei betaling i nettbanken:
- Tast inn mobilnummeret og fødselsdatoen din på nettstaden.
- Du får opp ei melding på mobilen med detaljar om det du skal signere.
- Kontroller at innhaldet i meldinga stemmer.
- Dersom opplysningane stemmer, stadfestar du med din ID-PIN.
BankID 13-18 år
Du kan få BankID og BankID på mobil frå du er 13 år. Mange tenester legg i dag opp til at me identifiserer oss og signerer digitalt. Dette vert også meir og meir aktuelt for deg som er under 18 år.
For å få BankID som mindreårig treng me underskrift av verje, og pass som legitimasjon. Når avtalen om BankID er signert og i orden, vert bestilling via nettbanken tilgjengeleg, og du tingar BankID og/eller BankID på mobil som beskrive ovanfor.
Ta kontakt med banken dersom du ynskjer å opprette BankID for mindreårige.