Gå til sideinnhold
Heim / Bruke / BankID / BankID App
Bilete - Illustrasjon BankID

BankID App

Med BankID App har du alltid med deg «kodebrikka» digitalt på mobilen. Den er enkel og gratis å bruka.

Med BankID App treng du ikkje til dagleg den fysiske kodebrikka di for å logga inn eller signera avtalar med BankID. Du godkjenner enkelt innlogging og/eller signering i appen.

Du må ha aktiv BankID for å aktivera appen.

Aktiver BankID App

Last ned appen til mobilen din:

Etter at appen er installert på mobilen, aktiverer du den ved å bruka ein av desse tre metodane:

  • BankID med kodebrikke
  • BankID på mobil
  • Kodar på SMS og e-post

Når aktiveringsprosessen er gjennomført, kan du bruka BankID App neste gong du loggar inn eller signerer med BankID.

Fyrste gong etter aktivering må du velja appen som metode. Du kan alltid endra metode seinare under valet «Velg annen BankID».

Ikkje kast kodebrikka!

Det er viktig at du framleis tek godt vare på den fysiske kodebrikka di. Du kan få bruk for kodebrikka i enkelte situasjonar, til dømes viss nokre av tenestene må reaktiverast.

Det pågår eit arbeid med å forenkla BankID, slik at du i framtida ikkje skal trenga kodebrikke.