Gå til sideinnhold
Heim / Bruke / BankID / BankID på mobil

BankID på mobil

Med BankID på mobil kan du logga inn på nettstader utan å måtte bruka kodebrikke.

BankID på mobil vert fasa ut

Frå og med 1. september 2022 vil bankane starta ei gradvis utfasing av BankID på mobil. Frå denne datoen vil det ikkje lenger vera mogeleg å bestilla ny BankID på mobil, og aktive BankID på mobil vil ikkje verta fornya når dei går ut på dato.

Har du ein aktiv BankID på mobil med utløpsdato etter 1. september, vil denne halda fram å fungera også etter denne datoen. Viss du derimot skulle ha behov for å aktivera BankID på mobil på nytt, til dømes viss du mistar telefonen din, byter mobiloperatør, får nytt SIM-kort eller har sperra PIN-koden, så vil det ikkje lenger vera mogeleg. Då må du i staden ta i bruk den nye løysinga BankID App.

Om BankID på mobil

BankID på mobil har same bruksområde som «vanleg» BankID, og kan såleis nyttast som personleg elektronisk legitimasjon for sikker identifisering og signering.

Skilnaden mellom BankID og BankID på mobil er at sjølve BankID-sertifikatet er lagra i SIM-kortet i mobiltlefonen, noko som gjer at ein slepp å bruka kodebrikke.

Aktiver BankID på mobil

Frå og med 1. september 2022 starta bankane ei gradvis utfasing av BankID på mobil. Aktivering av ny BankID på mobil, eller fornying av eksisterande BankID på mobil er difor ikkje lenger mogeleg. Me tilrår å ta i bruk BankID App.