Gå til sideinnhold
Heim / Bruke / BankID
Bilete - Logo BankID

BankID

BankID er ein personleg elektronisk legitimasjon. Med BankID kan du trygt identifisera deg og signera avtalar elektronisk på nettet.

BankID kan nyttast til identifisering og signering på tvers av bankar i Noreg – i tillegg til ei rekkje andre nettstader.

Slik aktiverer du BankID

Du aktiverer BankID i nettbanken din.

Logg inn i nettbanken med kodebrikka di. Vel BankID og BankID på mobil i menyen. Du vert rettleia gjennom aktiveringsprosessen.

Etter at aktiveringa er fullført, får du tilsendt eit passord på e-post. Dette må du endra til ditt eige passord fyrste gong du brukar BankID.

Er du du under 18 år?

BankID kan du få frå du er 13 år.

Mange tenester krev i dag at me identifiserer oss og signerer digitalt. Dette vert også meir og meir aktuelt for deg som er under 18 år.

Med BankID kan du på ein trygg måte logga deg inn på ein nettstad, eller ein app på mobilen din. Nettstaden på si side kan vera trygg på at det faktisk er du som loggar inn.

Du kan også signera avtalar og dokument med BankID. Ein signatur med BankID er like bindande som ein handskriven signatur på papir. Den største fordelen med å signere med BankID, er at du slepp å måtte sende dokumenta i posten eller møte opp personleg for å signere.

Slik loggar du inn med BankID

Når du identifiserer deg (loggar inn) med BankID på ein nettstad, vil skjermdialogen du møter sjå lik ut uavhengig av kva nettstad du er på. Du må oppgje fylgjande:

  1. Fødsels- og personnummer
  2. BankID App eller kode frå kodebrikka
  3. Personleg BankID-passord

Slik signerer du med BankID

Når du brukar BankID til signering, ser skjermdialogen litt annleis ut enn når du loggar inn. Du får mellom anna presentert dokumentet, avtalen eller transaksjonen du skal signera slik at du kan lesa og godkjenna innhaldet før du signerer. Sjølve signeringa gjer ein på same måte som ved identifisering, ved å oppgje fylgjande:

  1. Fødsels- og personnummer
  2. BankID App eller kode frå kodebrikka
  3. Personleg BankID-passord

Lurer du på noko om BankID?

På BankID sine nettsider finn du svar på mange av dei vanlegaste spørsmåla rundt BankID.

BankID policy og avtalevilkår

Trust Service Provider Statement (TSPS)

Trust Service Provider Statement (TSPS) skildrar infrastrukturen for utstedelse av elektroniske identitetar.

TSPS Personal
TSPS Mobile
TSPS Merchant

PKI Disclosure Statement (PDS)

Public Key Infrastructure Disclosure Statement (PDS) skildrar avtalevilkåra i forenkla versjonar.

BID PDS Personal
BID PDS Mobile