Gå til sideinnhold
Heim / Bruke / Nett og mobil / Nettbank
Bilete - Illustrasjon Nettbank

Nettbank

Med Nettbank har du tilgang banken heile døgnet, heile året. Du utføra banktenestene dine når det passar best for deg.

I tillegg til vanlege banktenester som rekningsbetaling, kort, og kontoinformasjon, får du i nettbanken også tilgang til forsikring, og fonds- og aksjehandel.

Opprett Nettbank

For å oppretta nettbankavtale må du ta kontakt med banken. Du får då tildelt eit brukarnamn og  eit passord, og kodebrikke vert sendt til deg.

Nettbank for ungdom

Banken tilbyr eigen nettbank for ungdom. Denne nettbanken er den same nettbanken som du får når du er 18 år, men alderen din avgjer kva funksjonar du får tilgang til.

Viss du er under 15 år, må du ha samtykkje frå føresette for å få ungdomsnettbank.

Døme på tenester i nettbanken

  • Betale til innland/utland
  • Overføre mellom eigne konti
  • Sjekke saldo
  • Endre regionsperre
  • Opprette AvtaleGiro og eFaktura
  • Sjå kontoutskrifter

Gjennom nettbanken får du tilgang til forsikringane dine i Frende Forsikring, og til fonda og aksjane dine i Norne Securities si handelsløysing. Det er også i nettbanken du bestiller og administrerer BankID.

Betaling til utlandet

I nettbanken kan du også utføra utanlandsbetalingar. Dette den enklaste og billigaste måten å betala til utlandet på. Ved betaling til og frå utlandet må det registrerast litt meir informasjon om betalinga enn ved ei innanlandsbetaling.

SMS-varsling

Med SMS-varsling kan du setja opp varsling til mobiltelefonen din når bestemte hendingar skjer på kontoen din. Du finn eit menyval for denne tenesta i nettbanken, og du definerer sjølv kva hendingar og kontoar du vil ha varsel om.