Gå til sideinnhold
Heim / Forsikre

Forsikring

Alle treng forsikringar, men det er ikkje alltid like lett å vita kva forsikringar ein treng. Me vil hjelpa deg med å finna dei rette forsikringane slik at både det du eig, og dei kjæraste du har, er forsikra viss noko skulle skje.

Bilete - Illustrasjon Forsikring

Banken er deleigar i forsikringsselskapet Frende Forsikring. I samarbeid med Frende tilbyr me eit breitt utval av både skade- og personforsikringar. Som forsikringskunde hjå oss og Frende får du totalkunderabatt, og viss du er trufast forsikringskunde, får du også lojalitetsbonus.

Forsikre eigedelane dine

Eig du eller leiger du ein bustad, har du bil, eller likar du å reisa? Enkelte forsikringar må du berre ha – som bustad- og innbuforsikring, bilforsikring og reiseforsikring.

Men kanskje du også eig andre ting som du ynskjer å forsikra? I samarbeid med Frende tilbyr me mange ulike skadeforsikringar.

Forsikre dine kjære

Sjukdom, uføre og dødsfall er noko me helst vil sleppa å tenkja på. Det siste du eller dine kjære treng er økonomiske bekymringar på toppen av ein allereie vanskeleg situasjon.

Det er difor viktig å ha forsikringane i orden dersom noko skulle skje.

Best i test

Frende sine bil-, barne og reiseforsikringar er kåra som best i test.

Nøgde kundar

Undersøkingar viser år etter år at Frende har svær nøgde kundar.

Trygt skadeoppgjer

Frende er der for deg når noko skjer og du treng det som mest.