Gå til sideinnhold
Heim / Forsikre / Personforsikring
Bilete - Illustrasjon Forsikring

Personforsikring

Personforsikringar sikrar deg og dine viss noko uforutsett skulle skje. Det siste du eller dine kjære treng er økonomiske bekymringar på toppen av ein allereie vanskeleg situasjon.

Nokre typar personforsikring kombinerer både sparing, forsikring og ulike fondsprodukt. Det enklaste er å tenkja på kva du har behov for, og deretter sørgje for at du får dei løysingane du faktisk treng. Er du einsleg, sambuar eller gift? Har du born eller ikkje? Ulike livsfasar krev ulike løysingar, og me hjelper deg med å finna ut kva du treng.

Det kan vere vanskeleg å vurdera personforsikring – rett og slett fordi det betyr at du må tenkja gjennom det utenkjelege. Sjukdom, uføre og dødsfall er jo noko me helst vil sleppe å tenkje på. Difor er det svært viktig at livsforsikringane dine er i orden dersom noko skulle skje.

Personforsikringar

  • Barneforsikring
  • Livsforsikring
  • Ulukkesforsikring
  • Kritisk sjukdom
  • Uføreforsikring

Elektronisk helseerklæring

For å søkja om forsikring for liv og helse, må du levera ei helseerklæring.

Elektronisk helseerklæring er ein enkel og sikker måte å levera helseopplysingane på. Du må ha BankID for å kunne nytte elektronisk helseerklæring.