Gå til sideinnhold
Heim / Bruke / Betaling / eFaktura

eFaktura

Med eFaktura får du rekningane ferdig utfyllt i nettbanken og mobilbanken din. Du treng berre å velja kva konto du vil betala rekninga frå, og godkjenne den.

Du opprettar enkelt avtale om automatisk mottak av elektroniske rekningar – eFaktura i nettbanken din. Etter at avtalen er oppretta, vil du automatisk få alle rekningar elektronisk frå betalingsmottakarar som tilbyr dette.

Du kan reservera deg mot å motta eFaktura frå enkelttilbydarar, sjølv om du har inngått avtale om å motta elektroniske rekningar automatisk. Merk at ein slik reservasjon vil gjelda for alle bankar du er kunde i.

eFaktura med AvtaleGiro

eFaktura kan også kombinerast med AvtaleGiro. Du får då fakturaen elektronisk i nettbanken og mobilbanken din. Sjølve betalinga vert utført automatisk som AvtaleGiro ved forfall.