Gå til sideinnhold
Heim / Bruke / Konto / Depositumskonto

Depositumskonto

Depositumskonto er ein spesiell konto som vert nytta i samband med leige/utleige av bustad. Når du inngår eit leigeforhold, er det vanleg at utleigar krev eit depositum.

Opprett konto

Viss du som utleigar er ein privatpersjon, kan du sjølv starta prosessen med å oppretta depositumskonto i nettbanken.

Viss utleigar eit firma, må du ta kontakt med oss for å oppretta depositumskonto.

Depositumet tener som trygd for husleige eller eventuelle skadar som vert påført bustaden.

Depositumskontoen skal opnast i utleigar sin bank, men skal stå i leigetakaren sitt namn. Depositumsbeløpet som er avtalt og innbetalt på kontoen er sperra, og kan berre disponerast av leigetakar og utleigar i fellesskap.

Depositumskonto kan opprettast i nettbanken. Det er utleigar som startar prosessen med å oppretta kontoen i sin nettbank. For å oppretta depositumskonto i nettbanken må utleigar vera ein privatperson. Dersom utleigar er eit firma, må banken kontaktast for å oppretta kontoen.

Utleigar vel Opprette konto i hovudmenyen, og fyller ut skjema med påkravd informasjon om legetakaren:

  • Namn
  • Fødsels- og personnummer
  • E-post og telefonnummer

I tillegg må fylgjande informasjon fyllast ut/leggjast ved:

  • Adressa til utleigeobjektet
  • Kopi av leigekontrakt (pdf)

Når utleigar har signert kontoavtalen med sin BankID, får leigetakar varsel på SMS og e-post med lenkje til signeringsprosess for depositumskontoen. Leigetakar loggar inn med BankID, og stadfestar at avtalen er lest og forstått, og signerer deretter avtalen.

Depositumskontoen vert no oppretta i leigetakar sitt namn, og tilgjengeleg i leigetakar og utleigar sine nettbankar i Voss Sparebank. Kontoen vil stå i minus til leigetakar har betalt inn det avtalte depositumsbeløpet til kontoen.

Avslutning av depositumskonto

Når leigeforholdet opphøyrer, frigir utleigar depositumskontoen frå nettbanken sin. Kontoen vert då gjort om til ein vanleg bankkonto for leigetakar. Leigetakar vil få melding om at kontoen er frigitt.

Utleigar kan frigi heile eller deler av det innbetalte dpositumsbeløpet på depositumskontoen.

Reglar for depositumskonto

Depositumsbeløpet kan ikkje overstiga seks månaders husleige. Leigetakar eig kontoen og får rentene som eventuelt vert godskrive kontoen. Kontoen er sperra slik at verken leigetakar eller utleigar kan ta ut pengane utan samtykkje frå den andre. Utleigar kan sjå kontoen i sin nettbank.

Leigetakar må vera over 18 år.