Gå til sideinnhold
Heim / Bruke / Kort / Kontaktlaust kort

Kontaktlaust kort

Bilete - Illustrasjon Kontaktlaust

Kort med dette symbolet kan brukast til kontaktlaus betaling utan PIN-kode. Kontaktlaus betaling er klar til bruk etter at du har gjennomført eit vanleg kjøp med kort i betalingsterminalen.

Bilete - Illustrasjon Kontaktlaust

Betalingsterminalar som har dette symbolet, og som er klargjort for kontaktlause kort, kan brukast til kontaktlause betalingar. Du vel sjølv om du vil bruka kortet kontaktlaust, eller på vanleg måte med å setja inn kortet med chip betalingsterminalen og tasta PIN-kode.

For å utføra ei kontaktlaus betaling, legg du kortet inntil symbolet på terminalen. Når du høyrer eit pip, er betalinga utført. Mindre varekjøp kan du gjera utan å tasta PIN-kode. Frå tid til annan vil du måtte tasta PIN-koden for å stadfesta at du er rett eigar av kortet.