Gå til sideinnhold
Heim / Bruke / Kort / Regionsperre
Bilete - Illustrasjon Regionsperre

Regionsperre

Med regionsperre på korta dine, kan vera trygg på at dei ikkje kan misbrukast i andre deler av verda enn der du oppheld deg.

For å ytterlegare auka tryggleiken ved bruk av kort, gjer me det mogeleg for deg å sperra debetkorta dine for bruk i dei delane av verda du sjeldan eller aldri oppheld deg.

Når du skal ut å reisa, kan du i nettbanken eller mobilbanken enkelt opne opp for regionane du kjem til å nytta kortet ditt i.

Hugs å sperre korta att når du er komen heim.

Me oppmodar til aktiv bruk av regionsperre! På den måten er du også med på å redusere risikoen for misbruk.

Administrer regionsperre

Løysinga er enkel å bruka, og du administrerer sperringane dine i nettbanken eller mobilbanken.

Spørsmål om regionsperre?

Ta kontakt med oss viss du har spørsmål om regionsperre, eller viss du har andre spørsmål rundt kort og kortbruk.