Gå til sideinnhold
Heim / Låne / Byggjelån

Byggjelån

Når du skal byggja hus, får du ikkje eit vanleg bustadlån i fyrste omgang, men ein byggjekreditt – også kalla eit byggjelån.

Byggjelån er ein kreditt som du kan bruka til å dekkja kostnadene du har i byggeperioden.

Når huset er ferdig, vert byggjelånet gjort om til eit ordinært bustadlån med trygd i bustadeigedomen.

Hjå oss kan du òg få byggjelån viss du alt har fått tilsegn om langsiktig bustadlån hjå t.d. Husbanken.

Kontakt oss

Viss du har ein fast rådgjevar, kan du ta kontakt med rådgjevaren din direkte. Har du ikkje fått tildelt ein fast rådgjevar, kan du kontakta oss på telefon eller e-post, og me finn ein rådgjevar som kan hjelpa deg.

Våre rådgjevarar for privatmarknaden gjev deg gjerne råd og rettleiing om lån, sparing og forsikring.