Gå til sideinnhold
Heim / Spare / Banksparing / Bustadsparing (BSU)
Bilete - Illustrasjon Sparing

Bustadsparing (BSU)

Alle drøymer om å kjøpa sin eigen bustad ein eller annan gong. Huskjøp er for dei fleste den største og viktigaste investeringa i livet. Start sparing til din fyrste bustad tidleg.

Bustadsparing for ungdom (BSU) er ein god måte å opparbeida nødvendig eigenkapital til kjøp av din første bustad. Med BSU får du banken si beste innskotsrente, og i tillegg skattafrådrag for det du sparar. Du får også gunstige vilkår på lån til din fyrste bustad.

Opprett BSU i nettbanken

BSU-konto opprettar du enkelt sjølv i nettbanken eller mobilbanken din.

Det er også lurt å oppretta ein fast spareavtale til BSU-kontoen for å fordela sparinga utover året.

Kontakt oss om BSU

Du kan også ta kontakt med oss i banken for å oppretta BSU-konto og spareavtale.

Har du BSU-konto i ein annan bank, hjelper me deg med å flytte kontoen!

Dette er BSU

  • Spar opptil kr 27.500,- per år
  • Spar totalt kr 300.000,-
  • Opptil kr 2.750,- i skattefrådrag per år
  • Spar til og med det året du fyller 33 år
  • Uttak må nyttast til bustadføremål

Det vert ikkje gjeve frådrag når du per 31. desember i inntektsåret heilt eller delvis eig primær- eller sekundærbustad. Dette gjeld både direkte og indirekte eige.

Det er ein fordel å ha skattbar inntekt for å få full utnytting av Bustadsparing for unge (BSU).

Endringar i BSU-ordninga frå 2023
Frå og med 2023 vert skattefrådraget for sparing i BSU redusert frå 20 % til 10 %. Årleg sparebeløp er framleis kr 27.500,-, og maksimalt skattefrådrag ein kan oppnå vert såleis kr 2.750,-.

Gode lånevilkår

Sparar du regelmessig i BSU, er det lettare for deg å oppnå kravet til eigenkapital i samband med kjøp av eigen bustad. Du får også gunstige vilkår på lån til din fyrste bustad.