Alle treng forsikringar, men det er ikkje alltid like lett å setje seg inn i det som kan fortone seg som ein forsikringsjungel. Vår oppgåve er å gjere deg trygg på at både det du eig, og dei kjæraste du har, er forsikra viss noko skulle skje. Du skal føle deg trygg når du er forsikra i Frende!
Skadeforsikring
Enkelte skadeforsikringar må du berre ha. Både bil, bustad, reise og innbu er forsikringar du heilt klart må vurdere. Men kanskje du også eig andre ting som du ynskjer å forsikre? Gjennom banken sitt eige forsikringsselskap Frende Forsikring tilbyr me eit breitt utval av skadeforsikringar.
Hjå oss og Frende får du totalkunderabatt. Ved kjøp av fleire forsikringar aukar rabatten. Enkelte aktørar i bransjen opererer med ”lokkeprisar” det første året, men det skal du sleppe å oppleve hjå oss. Vert du trufast kunde, får du også lojalitetsbonus. Vel du å motta / hente forsikringsdokumenta dine elektronisk i nettbanken din, fell også utstedelseskostnadene for papirdokument bort.
Bustad
Klikk nedanfor for å sjekke pris og kjøpe forsikring.
Innbu
Klikk nedanfor for å sjekke pris og kjøpe forsikring.
Reise
Klikk nedanfor for å sjekke pris og kjøpe forsikring.
Bil
Klikk nedanfor for å sjekke pris og kjøpe forsikring.
Moped
Klikk nedanfor for å sjekke pris og kjøpe forsikring.
Andre
Klikk nedanfor får å sjå andre forsikringar.
Livsforsikring
Livsforsikring er noko alle treng. Nokre typar livsforsikring kombinerer både sparing, forsikring og ulike fondsprodukt. Det enklaste er å tenkje på kva du har behov for, og deretter sørgje for at du får dei løysingane du faktisk treng. Er du einsleg, sambuar eller gift? Har du barn eller ikkje? Ulike livsfasar krev ulike løysingar, og me hjelper deg med å finne ut kva du treng.
Det kan vere vanskeleg å vurdere livsforsikring, rett og slett fordi det betyr at du må tenkje gjennom det utenkjelege. Sjukdom, uføre og dødsfall er jo noko me helst vil sleppe å tenkje på. Difor er det svært viktig at livsforsikringane dine er i orden dersom noko skulle skje. Det siste du treng er økonomiske bekymringar på toppen av ein allereie vanskeleg situasjon.
Elektronisk helseerklæring
Elektronisk helseerklæring er ein enkel, sikker og effektiv måte å levere helseopplysingane på. For å kunne nytte elektronisk helseerklæring må du ha akseptert eit tilbod om forsikring, og du treng BankID. Du får melding når din forsikringssøknad er ferdig vurdert, eller om ein treng utfyllande informasjon frå deg. Ta kontakt med banken om du har spørsmål knytt til dette.