Gå til sideinnhold
Heim / Bedrift / Lån og finansiering

Lån og finansiering

Voss Sparebank tilbyr det meste innan lån, kredittar, garantiar og leasing til både nye og etablerte verksemder.

Nedbetalingslån

Banken tilbyr ulike typar lån som eignar seg for større og mindre investeringar i eigedom, maskiner og produksjonsutstyr. Nedbetalingslån kan også brukast ved kortsiktige finansieringsbehov, der kassekreditt ikkje er eigna.

Nedbetalingstid og vilkår er avhengig kundeforhold, inntening, soliditet og trygd.

Trygd for lånet vil normalt vere knytt til investeringsobjektet.

Kassakreditt

Kassakreditt er ein kreditt som vert knytt til verksemda sin driftskonto. Kontoen får ei kredittramme tilpassa verksemda sine naturlege svingingar i likviditet som fylgje av variabel kontantstraum. Kreditten gjev verksemda betre likviditet, fordi rekningar kan betalast før salsinntektene føreligg. Ved behov for meir langsiktig finansiering, er nedbetalingslån best eigna.

Driftskreditt

Driftskreditt for landbruket vert som hovudregel gjeve på grunnlag av årleg omsetjing. Sikkerheit for kreditten er normalt ein delgaranti frå samvirkeorganisasjonane, eventuelt med pant i fast eigedom.

Garantiar

Ein bankgaranti er eit bindande løfte frå banken om å utbetale eit bestemt beløp til ein tredjeperson dersom banken sin kunde ikkje oppfyller sine plikter i eit kontraktsforhold under dei føresetnadene som er oppgitt i garantiteksten. Banken går i kraft av sin tillit i lånemarknaden inn mellom partane i ein transaksjon, og eliminerer på denne måten risikoen i transaksjonen.

Me tilbyr låne-, betalings- og kontraktsgarantiar i både norske kroner og valuta.

Leasing

Voss Sparebank tilbyr leasing gjennom vårt eige selskap Brage Finans.

Leasing er ei finansieringsform som gjer det mogeleg for verksemda å disponere effektivt og moderne utstyr – utan å måtte binde eigenkapital. Brage Finans kjøper og eig det utstyret verksemda di treng, og leiger det tilbake til deg mot ei avtalt månadsleige over eit avtalt tidsrom. Leasingperioden er som regel 3 – 5 år.

Dette kan du lease
  • Personbilar / transportmiddel
  • Anleggsmaskiner
  • Landbruksmaskiner
  • Data- og kontormaskiner
  • Andre driftsmidlar
Fordeler med å lease gjennom Voss Sparebank
  • Alt på ein stad
  • Same rådgjevar som ved lån
  • Konkurransedyktig rente
  • Raskt svar
  • Enklare økonomistyring
  • Inntil 100 % finansiering

Bruk leasingkalkulatoren nedanfor til å rekne ut finansieringsbehovet ditt. Når du klikkar på «Få tilbud» vert du sendt vidare til Brage Finans sitt søknadssystem.

Leasingkalkulator