Gå til sideinnhold
Heim / Om oss / Innskotsgaranti

Innskotsgaranti

Voss Sparebank er medlem i Bankenes sikringsfond, som har som føremål å sikra innskot med inntil to millionar kroner.

Lov om endringar i finansføretakslova tok til å gjelda 1. januar 2019. Den viktigaste endringa er at bankinnskot som fylgje av særlege livshendingar, og som er sett inn på konto i løpet av dei tolv siste månadene, no er dekka med eit uavgrensa beløp. Eksempel på særlege livshendingar er sal av bustad- og fritidseigedom, samlivsbrot, arv og forsikringsutbetalingar. Utbetalingsfristen for slike innskot er tre månader.

Garantibeløpet for innskytarar i Noreg vil framleis vera på to millionar kroner per kunde per bank. Det er ikkje endeleg avklara om beløpsgrensa i framtida vil verta redusert til eit beløp tilsvarande 100 000 euro.

Utbetalingsfristen ved ei garantiutbetaling er etter lovendringane auka frå fem til sju verkedagar.