Gå til sideinnhold
Bilete - Illustrasjon Betaling Utland

Betalingar til Russland, Ukraina og Kviterussland

Les meir

Problem med innlogging?

Viss du har problem med innlogging til nettbanken, kan du fyrst sjå om du finn svar på det nedanfor.

Finn du ikkje ut av det? Då tek du kontakt med oss!

Hjelp til innlogging

Eg har gløymt passordet mitt!

Du kan bestilla nytt passord til innlogging Utan BankID og BankID sjølv. I skjermbiletet for innlogging Utan BankID eller BankID klikkar du på Gløymt passord.

Viss du har BankID på mobil frå Voss Sparebank, kan du nytta denne til å identifisera deg.

Viss du ikkje har BankID på mobil frå Voss Sparebank, må du velja Kontrollspørsmål. Personinformasjonen du legg inn må vera korrekt. Det same må svara på kontrollspørsmåla vera.

Får du ikkje bestilt nytt passord, må du ta kontakt med oss.

Kva innloggingsmetode brukar eg?

Viss du har BankID og/eller BankID på mobil, kan du nytta alle tre innloggingsmetodane i nettbanken, og veksla mellom desse. Har du ikkje BankID/BankID på mobil, loggar du inn ved å velje Utan BankID.

I nettbedrift loggar du inn med BankID eller BankID på mobil.

Korleis loggar eg inn Utan BankID?

For å logga inn i nettbanken Utan BankID treng du:

  • Brukarnamn (fødselsnummer)
  • Passord
  • Kode frå kodebrikka

Korleis loggar eg inn med BankID?

For å logga inn med BankID treng du:

  • Fødselsnummer
  • BankID App eller kode fra kodebrikka
  • BankID-passord

For å logga inn med BankID er det ein føresetnad at du har aktivert BankID i nettbanken, eller har BankID frå annan bank.

Korleis loggar eg inn med BankID på mobil?

For å logga inn med BankID på mobil treng du:

  • Mobilnummer
  • Fødselsdato
  • ID-PIN (4-8 siffer)

For å logga inn med BankID på mobil er det ein føresetnad at du har aktivert BankID på mobil i nettbanken, eller har BankID på mobil frå annan bank.