Kva er Open Banking?
Open Banking refererer til at det er mogeleg for ein tredjepartsleverandør, i form av ei nettside, nettbank, app med meir å kunne få tilgang til bankdata gjennom opne API. På bakgrunn av dataene kan eit selskap, som ikkje nødvendigvis er bank, utvikle og levere nye applikasjonar og tenester.
Som eit resultat av Open Banking vil kundar, uavhengig av kva bank dei er knytt til, få større mogelegheiter når det kjem til val av applikasjonar og løysingar innan bank og finans.
PSD2-APIa er dei første som vert gjort tilgjengeleg hjå oss. Desse gjer det til dømes mogeleg å kunne vise kontoinformasjon frå andre bankar i den nettbanken du er i.
Kva er PSD2?
PSD2, eller betalingstenestedirektivet, er EU sitt direktiv som regulerer betalingstenester i EU sin indre marknad. Sidan Noreg er medlem av EØS, omfattar dette også Noreg.
Kva betyr PSD2 og Open Banking for kundane?
Det vert mogeleg å samle all kontoinformasjon om betalingskontoar på kun ein stad, på tvers av bankar. Dette vil gjere det enklare for deg som forbrukar å halde oversikt over eigen økonomi. På sikt vil det også verte enklare og billigare å gjennomføre betalingar utan å bruke bankkort. I tillegg vil tryggleiken og forbrukarrettane verte tekne hand om på ein god måte, også på tvers av landegrensene.
Kva er eit API?
API er ei forkorting for «Application Program Interface», og er eit programvaregrensesnitt som gjer det mogeleg for ulike applikasjonar å kommunisere med kvarandre. Svært forenkla kan eit API forklarast som ein strukturert måte å overføre data frå ein stad til ein annan. Eit ope API betyr at eit selskap gjer deler av sine data tilgjengeleg for andre.
Er du utviklar og ynskjer tilgang til APIa?
For å lære meir om APIa kan utviklarar besøkje banken sin Open Banking Portal.
Registrering av tredjepart som ynskjer tilgang til banken sine API må inntil vidare skje manuelt. For at ein tredjepart skal kunne ta i bruk APIa må det føreliggje PSD2-konsesjon og gyldig eIDAS-sertifikat.
Ta kontakt på [email protected] for meir informasjon.