Openheitslova
Openheitslova skal fremja verksemder sin respekt for menneskerettar og sømelege arbeidsforhold, og sikra at allmennheita får tilgang på informasjon.
Voss Sparebank har kartlagt alle leverandørar og forretningspartnarar, og gjennomført aktsemdvurderingar. Resultata dannar grunnlag for vidare oppfylgjing av dei enkelte aktørane. Resultatet av Voss Sparebank sitt arbeid er oppsummert i rapporten under.
Openheitslova trådde i kraft 1. juli 2022, med fyrste rapporteringsfrist 30. juni 2023.
Spørsmål om openheitslova?
Dersom du har spørsmål om korleis Voss Sparebank arbeidar for å fremja grunnleggjande menneskerettar og sømelege arbeidsforhold, kan du kontakta oss.