Gå til sideinnhold
Heim / Bedrift / Innskot og plassering

Innskot og plassering

Foliokonto

Foliokonto er ein brukskonto for bedrifter. Kontoen vert nytta til daglege inn- og utbetalingar, og det kan knytast ulike betalingstenester til denne kontoen. Dersom ein får innvilga kassakreditt, vert også den knytt til denne kontoen.

Sparekonto

I tillegg til foliokontoen kan det vere greitt å ha ein sparekonto. På denne kan ein setje til sides ledig likviditet, eller spare til spesielle føremål. Sparekontoen gjev betre avkastning på midlane enn om ein har dei ståande på driftskontoen.

Dei mest vanlege sparekontoane er Sparekonto, VossVekst og Sparekonto 31 dagar.

Skattetrekkskonto

Skattetrekkskonto er ein spesiell konto for verksemder som som føretek løns- og / eller pensjonsutbetalingar. Kontoen oppfyller vilkåra i skattebetalingslova, og kan kun nyttast til innskot av skattetrekk. Verksemda kan berre disponere kontoen til å overføre skattetrekk til skatteoppkrevjaren.