Gå til sideinnhold
Heim / Miljøfyrtårn
Bilete - Logo Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn

Voss Sparebank vart godkjent som miljøfyrtårnbedrift i september 2013.

Banken har jobba aktivt med miljø over fleire år, og ynskte å verta endå betre og delta i ei ordning som set miljø i fokus. Miljøfyrtårn er eit offentleg norsk sertifikat, og er tilrådd av Miljøverndepartementet.

Kva er miljøfyrtårn?

Å vera eit miljøfyrtårn tyder å jobba systematisk og aktivt med miljøtiltak i kvardagen. Miljøfyrtårnbedriftene oppfyller krav, og gjennomfører tiltak  for ei meir miljøvenleg bedrift, og for betre arbeidsmiljø.

Miljøfyrtårn har tilpassa krav til ulike bransjar, og ein får sertifikatet etter ei uavhengig vurdering. Miljøfyrtårna leverer årlege miljørapportar, og skal resertifiserast kvart tredje år. Sertifikatet er tilrådd av styresmaktene ved offentlege innkjøp.

For å verta miljøfyrtårn har banken oppfylt ei rekkje med krav innanfor:

  • Helse, miljø og tryggleik
  • Innkjøp, med særleg vekt på materialforbruk
  • Energiforbruk
  • Transport
  • Avfallshandtering
  • Vatnforbruk, luftkvalitet og støy
  • Estetikk

Føremålet med ordninga er å:

  • Ta vare på, og forbetra godt arbeidsmiljø
  • Redusera driftskostnadar
  • Oppnå miljøforbetringar
  • Dokumentera miljøvenleg drift

Les meir på Stiftelsen Miljøfyrtårn sine nettsider.