Mobilbank Bedrift
Mobilbank Bedrift gir deg enkel tilgang til dei vanlegste banktjenestene for di bedrift. Du får du god oversikt over bedrifta sin økonomi, også når du er på farten.
Kom i gang med Mobilbank Bedrift
For å kunne ta i bruk mobilbank for bedrift, må verksemda på førehand ha nettbedriftavtale hjå oss.
I tillegg må mobilnummeret og e-postadressa og til brukarane vere registrert i Nettbedrift. Dette kan administratoren i Nettbedrift oppdatere.
Før ein kan logga inn i mobilbank for bedrift, må brukarane aktivera appen. Etter å ha identifisert seg, får dei tilsendt ein aktiveringskode på SMS som ein tastar inn i appen.
Aktivering av mobilbanken er noko ein gjer fyrste gongen appen vert starta etter installasjon. Deretter kan ein enkelt logga inn med den 4-sifra koden ein valde under aktiveringa, eller med biometri viss telefonen din støttar dette.
Aktiver Mobilbank Bedrift
Last ned mobilbank-appen:
- Identifiser deg med BankID.
- Tast inn aktiveringskode motteke på SMS.
- Vel ein sjølvvalt 4-sifra kode.
- Aktiver biometri viss telefonen støttar dette.
Tenester i Mobilbank Bedrift
Her er døme på tenester i mobilbank for bedrift:
- Kontooversikt
- Betale
- Overføre
- Transaksjonsoversikt
- Postkasse
- Arkiv