TV-aksjonen 2021
Kvart tredje sekund vert ei jente gifta bort ein stad i verda. Gjennom årets TV-aksjon skal me saman gje jenter mogelegheita til å velja si eiga framtid, og vie seg til livet.
Med årets TV-aksjon skal Plan nå ut til tre millionar menneske for å få slutt på barneekteskap i dei landa der problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger.
Dei skal jobba for at jenter får bli på skulen, at born, unge og eldre får opplæring i jenter sine rettar, i likestilling, og at lovverket skal verna born mot å verte gifta bort. Born skal få vera born, ikkje brud.
Aksjonen vert i år arrangert sundag 24. oktober. På TV-aksjonen sine eigne nettsider kan du lesa meir om aksjonen, Plan, og prosjekta dei innsamla midlane skal brukast til.
Voss Sparebank har lang tradisjon for å støtta den årlege TV-aksjonen, både med ei pengegåve til aksjonen, og ved å telja opp bøssene på aksjonsdagen. Banken har i alle år vore oppteljingsbank for Voss herad, som no også omfattar gamle Granvin herad, og dei siste åra også for Vaksdal kommune. Oppteljinga vert gjort på dugnad av dei tilsette i banken.
Du kan gje ditt bidrag til aksjonen på ulike måtar. På aksjonsdagen vil det gå rundt bøssebærarar og samla inn pengar. Du kan også gje ditt bidrag til aksjonen i elektroniske bøsser, eller via Vipps, konto, telefon eller kort. Les meir om måtar å gje bidrag på på aksjonen sine nettsider.
Bidrag frå næringsliv, organisasjonar, skular, barnehagar, lag og foreiningar, trussamfunn m.m. skal registrerast i nettportalen Giverstafett.