Banken er deleigar i forsikringsselskapet Frende Forsikring. I samarbeid med Frende tilbyr me eit breitt utval av både skade- og personforsikringar. Som forsikringskunde hjå oss og Frende får du totalkunderabatt, og viss du er trufast forsikringskunde, får du også lojalitetsbonus.
Forsikre eigedelane dine
Eig du eller leiger du ein bustad, har du bil, eller likar du å reisa? Enkelte forsikringar må du berre ha – som bustad- og innbuforsikring, bilforsikring og reiseforsikring.
Men kanskje du også eig andre ting som du ynskjer å forsikra? I samarbeid med Frende tilbyr me mange ulike skadeforsikringar.
Forsikre dine kjære
Sjukdom, uføre og dødsfall er noko me helst vil sleppa å tenkja på. Det siste du eller dine kjære treng er økonomiske bekymringar på toppen av ein allereie vanskeleg situasjon.
Det er difor viktig å ha forsikringane i orden dersom noko skulle skje.
Best i test
Frende sine bil-, barne og reiseforsikringar er kåra som best i test.
Nøgde kundar
Undersøkingar viser år etter år at Frende har svær nøgde kundar.
Trygt skadeoppgjer
Frende er der for deg når noko skjer og du treng det som mest.