Åtvaring mot BankID-svindel
Me registrerer at det er falske e-postar i omløp som omhandlar BankID.
I dømet nedanfor nyttar svindlarane utfasinga av BankID på mobil og overgangen til BankID App som tema. Det kan også vera andre variantar i omløp, så me oppmodar deg om å vera på vakt. Dersom du mottek andre variantar av slik svindel-epost, er me interessert i å få tilbakemelding om det.
Du kan også lesa meir om andre registrerte svindelvariantar på BankID sine eigne nettsider.
Generelt må du aldri gje frå deg personleg informasjon som passord eller PIN-kodar, aktiveringskodar for BankID, BankID App og/eller Mobilbank, eller kortinformasjon til nokon. Klikk heller ikkje på lenkjer eller opna eventuelle dokument eller andre filer som ligg vedlagt i slike e-postar.