Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Voss Sparebank inn på eigarsida i Proaktiv
Bilete - Voss Sparebank og Proaktiv

Voss Sparebank inn på eigarsida i Proaktiv

Voss Sparebank går saman med naboen i Vangsgata og kjøper 51 prosent av aksjane i Proaktiv Voss. Målet er å styrkje det lokale nærværet og utvikle eit endå sterkare tilbod på Voss, med ein felles ambisjon om det beste for kundane.

– Dette er eit naturleg steg for oss. Me deler dei same verdiane om tilhald lokalt og om å skapa mest mogleg verdi for kundane våre. Når me no samlar kreftene, handlar det om å gjere ei god kundeoppleving endå betre, seier Rakel Søvik, dagleg leiar i Proaktiv Voss.

Ho meiner samarbeidet vil skape nye, gode moglegheiter for folk på Voss og i regionen.

– Me har alltid vore opptekne av å vera førstevalet på Voss. Med dette samarbeidet får me fleire høve til å skape gode resultat og vere til stades der folk bur og lever liva sine, seier Søvik.


Jørund Rong, banksjef i Voss Sparebank, meiner oppkjøpet er ei viktig satsing i regionen.

– At me tek eit direkte eigarskap i Proaktiv handlar om å styrkje eit lokalt miljø med høg kvalitet, og å vidareutvikle eit tilbod som folk kjenner og har tillit til. At me no blir endå tettare naboar i Vangsgata er også eit fint bilete på ambisjonen. Me ynskjer å vere tilgjengelege, lokale og relevante, fortel Rong.

Rong og Søvik fortel at vossingane framleis vil møta dei same hyggjelege folka i Vangsgata.

– Me er allereie gode naboar, men no har me ein felles ambisjon om å styrkja tilbodet og bli eit naturleg førsteval for bank og mekling i regionen vår, seier Rong.