Forbrukslån og refinansiering
Banken tilbyr i samarbeid med våre samarbeidsbankar i Lokalbank forbrukslån og refinansiering av forbruksgjeld.
Forbrukslån
Forbrukslån er eit fleksibelt kortsiktig lån utan trygd. Det betyr at banken ikkje tek pant i bustaden din eller andre eigedeler.
Fordi lånet er usikra, har det ei høgare rente enn lån med trygd, som bustadlån eller billån. Difor er det lurt å prioritera rask nedbetaling for å unngå unødvendige rentekostnader.
Refinansiering
Refinansiering betyr å samla fleire lån, som til dømes forbrukslån, smålån, handlekontoar og kredittkort, i eitt nytt lån med betre vilkår.
Dette lånet har lågare rente og færre gebyr, noko som gjev deg lågare lånekostnader og betre oversikt over økonomien din.
Refinansiering gjev deg høve til å samla all gjeld på ein stad, redusera kostnadane og få ein enklare økonomisk kvardag.
Lokalbank og Kredittbanken
Me tilbyr forbrukslån og refinansiering i samarbeid med våre samarbeidsbankar i Lokalbank og Kredittbanken.
Meir informasjon om forbrukslån, refinansiering og kredittkort finn du på Lokalbank sine nettsider.