Endre BankID-passord
Har du gløymt BankID-passordet ditt? Du kan endra BankID-passordet ditt sjølv i BankID-appen – raskt, trygt og heilt utan å måtta kontakta banken.
Slik gjer du
- Opna BankID-appen, og gå til profilen din (øvst til høgre)
- Vel «BankID» og deretter «Endre BankID-passord»
- Identifiser deg ved å skanna pass eller ID-kort med kameraet på telefonen, og deretter ansiktsattkjenning.
- Opprett nytt passord og lagre.
Heile prosessen tek berre nokre få minutt, og du kan gjera det akkurat når det passar deg. Du treng ikkje å kontaka banken.
Ta kontakt med banken viss du opplever problem med å endra passordet ditt sjølv i BankID-appen.
Viktig å vita
- Du må vera over 18 år
- Du må ha gyldig pass eller ID-kort
- Du treng siste versjon av appen
Fordelar
- Inga ventetid hjå kundeservice
- Gjer det kor og kor tid du vil
- Trygg identifisering med biometri
Tips til å laga eit trygt passord
- Vel eit unikt passord som du ikkje nyttar andre stader
- Unngå enkle kombinasjonar som fødselsdato o.l.
- Bruk minst 8 teikn med kombinasjon av tal og bokstavar
Treng du meir hjelp? Sjå bankid.no eller kontakt oss.