Gå til sideinnhold

Sparekonto 31 dagar

Sparekonto 31 dagar er den av dei vanlege sparekontoane som gjev dei beste vilkåra for sparepengane dine.

Denne sparekontoen har ei oppseiingstid på 31 dagar. Dette betyr at du må ta kontakt med banken minimum 31 dagar før du kan ta ut pengar frå kontoen.

Kontoen har saldoberkning av rente, som betyr at du får betre rente dess meir som står på kontoen, og at renta gjeld for heile summen på kontoen (frå første krone).

Opprett konto

For å oppretta Sparekonto 31 dagar tek du kontakt med oss, så ordnar me det!

Hugs å gi oss beskjed minimum 31 dagar før du ynskjer å ta ut pengar frå kontoen.