Byte av bank
Det er enkelt å byta bank, og me som din nye bank kan hjelpa deg med dette. I denne artikkelen finn du litt informasjon om det å byta bank, og kva du bør tenkja på i den samanheng.
Er me din nye bank?
Ynskjer du å verta kunde hjå oss, vil me som din nye bank gjerne hjelpa deg med alt det praktiske. Til dømes kan me hjelpa deg med å flytta innskot og betalingsavtalar, tinga kort, og med å oppretta nettbank og mobilbank.
For å flytta lånet ditt frå den gamle banken din til oss, vil du få hjelp av ein av våre flinke rådgjevarar. Dersom du finn tilbodet interessant, sørgjer me for at låna i den gamle banken vert innfridd/nedbetalt og avslutta.
Voss Sparebank tilbyr også forsikringar gjennom Frende Forsikring, og gjev deg gjerne tilbod på forsikringar ved byte av bank.
I samband med byte av bank, er det også ein del andre ting du bør tenkja på. Du kan lesa meir om byte av bank på Finans Norge sine sider.
Kontakt oss, så hjelper me deg i gang!