Gå til sideinnhold
Bilete - Illustrasjon Kvitvasking

Kvitvasking

Bankane er pålagde å hindra kvitvasking av pengar og terrorfinansiering. God kunnskap om deg som kunde og din bruk av banken er difor naudsynt. Dette betyr at du som kunde vil kunna få spørsmål som kan opplevast som uvanlege.

Kva er kvitvasking?

Alle transaksjonar som bidreg til å skjula opphavet til pengar som stammar frå ei kriminell handling, vert sett på som kvitvasking.

Kvitvasking skjer til dømes når utbyte frå skatteunndraging, narkotikakriminalitet, bedrageri og annan økonomisk kriminalitet, vert overført frå ein person eller eit føretak til ein annan med ei tilsynelatande god forklaring.

Frå utsida verkar det som pengane er erverva på ærleg vis. Dette kan gjerast ved å plassera utbyte i lovlege varer og tenester. Når gjenstanden seinare vert nytta, eller vert selt, framstår pengane som lovlege eller «kvite».

Kvitvaskingslova gjennomfører internasjonale plikter Noreg er bunden av. Bakgrunnen for den nye lova er eit pålegg frå EU og internasjonale tilrådingar frå mellom anna overvakingsorganet FATF (Financial Action Task Force).

Sjå elles www.hvitvasking.no.

Nye privatkundar

Nye privatkundar må opplysa om namn, fødselsnummer eller D-nummer, fast adresse og framvisa gyldig legitimasjon.

I tillegg må du opplysa om:

  • Føremålet med kundeforholdet og tilsikta art
  • Kvifor du ynskjer å gjennomføra større transaksjonar
  • Kvar pengane kjem frå, eller kva dei skal brukast til
  • Du, eller nokon som står deg nær, har eit høgtståande verv eller stilling i utlandet

Eksisterande kundar

Alle må vere budde på å svara på spørsmål og leggja fram gyldig legitimasjon. Dette vil typisk kunna skje dersom det kjem fram nye opplysningar om ditt kundeforhold eller dine transaksjonar. Finansnæringa må kunna dokumentera overfor tilsynsstyresmaktene at ein oppfyller lova sitt krav til kundekontroll av alle.

Nye bedriftskundar

Bedriftskundar må i tillegg opplysa om føretaksnamn, organisasjonsnummer og eigarforhold. Du vil verta spurd om privatpersonar har direkte eller indirekte eigarandelar på meir enn 25 prosent, eller om nokon på annan måte kontrollerer føretaket. Representantar for bedrifta, eller personar med disposisjonsrett over bedrifta sine midlar, må legitimera seg og dokumentera sin rett til å opptre på vegne av bedrifta.

Verdt å vita

I nokre tilfelle må finansinstitusjonen nekta å gjennomføra ei førespurd teneste. Årsaka kan vera at gyldig legitimasjon ikkje er vist, eller at det ikkje er gjeve tilstrekkelege opplysningar eller forklaring på spørsmål.

I andre tilfelle må finansinstitusjonen avvikla eit eksisterande kundeforhold dersom kundekontroll ikkje let seg gjennomføra. Slike avgjerder krev sakleg grunngjeving.

Meir informasjon finn du på www.hvitvasking.no.