BankID 13-18 år
Du kan få BankID frå du er 13 år. Mange tenester krev i dag at me identifiserer oss og signerer digitalt. Dette vert også meir og meir aktuelt for deg som er under 18 år.
For å få BankID som mindreårig treng me underskrift av verje, og pass som legitimasjon. Når avtalen om BankID er signert og i orden, vert bestilling via nettbanken tilgjengeleg, og du aktiverer sjølv BankID og/eller BankID i nettbanken din.
Kontakt oss for å oppretta BankID 13-18 år.