Gå til sideinnhold
Heim / Bruke / BankID / Endre BankID-passord
Bilete - Illustrasjon BankID passordresett

Endre BankID-passord

Har du gløymt BankID-passordet ditt? Du kan endra BankID-passordet ditt sjølv i BankID-appen – raskt, trygt og heilt utan å måtta kontakta banken.

Slik gjer du

  1. Opna BankID-appen, og gå til profilen din (øvst til høgre)
  2. Vel «BankID» og deretter «Endre BankID-passord»
  3. Identifiser deg ved å skanna pass eller ID-kort med kameraet på telefonen, og deretter ansiktsattkjenning.
  4. Opprett nytt passord og lagre.

Heile prosessen tek berre nokre få minutt, og du kan gjera det akkurat når det passar deg. Du treng ikkje å kontaka banken.

Ta kontakt med banken viss du opplever problem med å endra passordet ditt sjølv i BankID-appen.

Viktig å vita

  • Du må vera over 18 år
  • Du må ha gyldig pass eller ID-kort
  • Du treng siste versjon av appen

Fordelar

  • Inga ventetid hjå kundeservice
  • Gjer det kor og kor tid du vil
  • Trygg identifisering med biometri

Tips til å laga eit trygt passord

  • Vel eit unikt passord som du ikkje nyttar andre stader
  • Unngå enkle kombinasjonar som fødselsdato o.l.
  • Bruk minst 8 teikn med kombinasjon av tal og bokstavar

Treng du meir hjelp? Sjå bankid.no eller kontakt oss.