Avtalegiro
AvtaleGiro er ei betalingsteneste meint for faste eller regelmessige rekningar. Du inngår avtale med banken om at rekningane vert trekt automatisk frå kontoen din på forfallsdato.
Slik opprettar du AvtaleGiro
- Betal rekninga på vanleg måte i nettbanken. Når du har stadfesta betalinga, vil du få opp tilbod om å opretta AvtaleGiro-avtale dersom mottakaren tilbyr dette.
- Dersom du vel å ikkje oppretta AvtaleGiro når du betalar rekninga, kan du når som helst gå inn i nettbanken og opprette AvtaleGiro-avtale der.
- Nokre betalingsmottakarar har også lagt til rette for å oppretta AvtaleGiro med BankID frå sine eigne nettsider.
- Ta rekninga med deg i banken, så kan me oppretta AvtaleGiro-avtale for deg.
Det kan ta ei stund før avtalen er aktiv, og eventuelle rekningar du mottek i posten i mellomtida må betalast som normalt.
AvtaleGiro med eFaktura
AvtaleGiro kan også kombinerast med eFaktura. Du får då fakturaen elektronisk i nettbanken og mobilbanken din. Sjølve betalinga vert utført automatisk som AvtaleGiro ved forfall.