Gå til sideinnhold
Heim / Bruke / Betaling / Utanlandsbetaling

Utanlandsbetaling

Utanlandsbetaling kan du sjølv utføra i nettbanken din. Dette den enklaste og billigaste måten å betala til utlandet på.

Ved betaling til og frå utlandet må det registrerast litt meir informasjon om betalinga enn ved ei vanleg innanlands betaling. Nedanfor ser du kva opplysningar du treng for å gjennomføra betalingar til og frå utlandet.

Betale til utlandet

Fylgjande opplysningar må registrerast:

  • Mottakaren sitt IBAN-kontonummer eller kontonummer. IBAN-kontonummer  nyttast ved betaling til EU og EØS-land.
  • Mottakaren sitt namn og adresse
  • Mottakar sin bankforbindelse
    • Namn og adresse
    • BIC/SWIFT-adresse
    • Ved overføring til USA må i tillegg mottakarbanken sin bankkode, FW, ABA eller RoutingNumber (9 siffer) registrerast.
  • Valutasort og beløp
  • Eventuelle betalingsdetaljar

Det er viktig at rett informasjon vert registrert. Viss IBAN eller BIC/SWIFT ikkje er korrekt registrert, kan banken til mottakaren returnera betalinga. Dette vil kunna medføra forseinkingar og ekstra kostnader.

Motta betaling frå utlandet

Viss du skal motta ei betaling frå utlandet, treng avsendar fylgjande opplysningar:

  • Ditt namn og adresse
  • Ditt IBAN-kontonummer
  • BIC/SWIFT: DNBANOKKXXX

IBAN-kontonummeret finn du i nettbanken under Detaljar på den aktuelle kontoen. Du kan også bruka IBAN-kalkulatoren nedanfor til å generere IBAN-kontonummer.

IBAN-kalkulator

Ditt IBAN-nummer: