Mobilbank
Mobilbank gir deg enkel tilgang til dei vanlegste banktjenestene. Om du er på hytta, på ferie eller heime i sofaen – du har alltid tilgang til banken – der du er.
Tenestene i mobilbanken er i stor grad dei samme som i nettbanken. Mobilbanken vil såleis vere ei fullgod løysing til å utføre dei vanlegaste oppgåvene dine.
Kom i gang med Mobilbank
For å kunne ta i bruk mobilbanken, må du på førehand ha nettbankavtale hjå oss. I tillegg må mobiltelefonnummeret ditt vere registrert i kunderegisteret vårt.
Før du kan logga inn i mobilbanken, må du aktivera appen. Etter å ha identifisert deg, får du tilsendt ein aktiveringskode på SMS som du tastar inn i appen.
Aktivering av mobilbanken er noko du gjer fyrste gongen du startar appen etter installasjon. Deretter kan du enkelt logga inn med den 4-sifra koden du valde, eller med biometri viss telefonen din støttar dette.
Aktiver Mobilbank
Last ned mobilbank-appen:
- Identifiser deg med BankID, BankID på mobil, eller nettbankpassord og kodebrikke.
- Tast inn aktiveringskode motteke på SMS.
- Vel ein sjølvvalt 4-sifra kode.
- Aktiver biometri viss telefonen støttar dette.
Tenester i mobilbanken
Her er døme på tenester i mobilbanken:
- Betale
- Overføre
- Godkjenne eFaktura
- Forfallsoversikt
- Siste transaksjonar
- Kortoversikt
- Hente PIN-kode
- Regionsperre
Widget
Ved å aktivere den innebygde widget-en som fylgjer med Mobilbank-appen vår, kan du kjapt og enkelt sjekka saldoen på primærkontoen din utan å måtta logga inn i mobilbanken. Widget er tilgjengeleg for både iOS- og Android-telefonar. Du aktiverer widget-en i widget-menyen på telefonen din.
3D Touch
Ved å bruke 3D Touch på nyare iOS-telefonar (iPhone), får du tilgang til den nyttige funksjonen Snarvegar.
Med Snarvegar får du enkel tilgang til funksjonane overføring, betaling, forfall og siste transaksjonar. Snarvegane viser når du brukar 3D Touch på app-ikonet på telefonen. Når du klikkar på ein av snarvegane, må du logga inn i mobilbanken med personleg kode eller biometri. Etter innlogging kjem du rett til den funksjonen du valde.
Er det spesielle krav til mobiltelefonen eg brukar?
Mobilbanken er laga for iOS- og Android-telefonar, og må som minimum ha:
- iOS – Versjon 16.0 eller nyare
- Android – Versjon 9.0 eller nyare