Nettbank for ungdom
Banken tilbyr eigen nettbank for ungdom. Denne nettbanken er den same nettbanken som du får når du er 18 år, men alderen din avgjer kva funksjonar du får tilgang til.
Før du fyller 15 år kan du mellom anna fylgja med på kva som går inn og ut av kontoen din. Når du fyller 15 år, vert tilgangane automatisk utvida, og du kan til dømes utføra betalingar frå kontoen din. Frå med den dagen fyller 18 år har du automatisk tilgang til alle funksjonane i nettbanken.
Viss du er under 15 år, må du ha samtykkje frå føresette for å få oppretta ungdomsnettbank.
I tillegg til vanlege banktenester som rekningsbetaling, kort, og kontoinformasjon, får du i nettbanken også tilgang til forsikring, og fonds- og aksjehandel.