Gå til sideinnhold

Ålmennyttige gåver

Voss Sparebank deler kvart år ut ein del av overskotet i form av gåver til ålmennyttige føremål. Lag innanfor idrett, kultur og organisasjonsliv som er ope for ålmenta i banken sitt distrikt, kan søkja om tildeling.

Gjennom gåver, sponsoravtalar, og anna stønad bidreg banken årleg med betydlege midlar til lokalsamfunnet. Dette er midlar som kjem godt med for å oppretthalda det gode aktvitetsnivået i bygda.

Pengane går i stor grad til idrett, kultur og organisasjonsliv, men litt går òg til andre samfunnsnyttige tiltak.

Banken har sidan 1853 gjeve gåver til ålmennyttige føremål. Det er såleis store summar banken fører attende til lokalsamfunnet. Banken kjenner på at dette er like aktuelt no som det var i starten i 1853. God bankdrift og kundar som stør opp om banken er grunnlaget for ålmennyttige gåver.

Søknadsperioden er i januar kvart år, og vert annonsert på heimesidene, i sosiale medier og i avisa Hordaland.

Utdeling skjer på våren.

Søknadsfristen er gått ut.