Gå til sideinnhold
Bilete - Eldjelprisen

Eldsjelprisen

Voss Sparebank stifta Eldsjelprisen for Voss i 2008. Prisen skal tildelast eit prosjekt, eit lag, ein organisasjon eller ein enkeltperson som gjer ein nyttig innsats for utvikling av lokalsamfunnet eller næringslivet i kommunen.

Prisen skal tildelast for ueigennyttig innsats og gjerne for eit bestemt prosjekt. Personar som gjennom ein lengre periode har stått på for eit lag eller organisasjon, er gode kandidatar til å motta prisen som Årets eldsjel.

Eldsjelprisen skal vera ein inspirasjon for aktive vossingar slik at dei kan arbeida vidare og vera til inspirasjon for andre. Ei takk og anerkjenning til personar, lag eller organisasjonar som har gjort ein flott innsats.

Prisen for Årets eldsjel er på inntil 50.000,- kroner, som vert delt likt mellom prisvinnaren og laget/organisasjonen vinnaren representerer. I tillegg får vinnaren eit synleg bevis på prisen i form av eit kunstnarisk verk eller diplom.

Bygdefolket, lag, organisasjonar og verksemder i Voss herad, inkludert Voss Sparebank, kan fremja forslag til kandidatar. Det er ikkje høve til å søkja om å få prisen. Juryen skal setjast saman av 3 – 5 representantar innanfor kvar kategori med god kjennskap til dei ulike områda. Voss Sparebank skal ha ein representant i juryen, i tillegg til ein sekretær.

Send inn forslag til kandidat

Du kan senda inn ditt forslag til mottakar av Årets eldsjel ved å nytta skjemaet nedanfor. Kandidaten kan vera eit prosjekt, eit lag, ein organisasjon eller ein enkeltperson.

Skjemaet er ikkje aktivt

Bilete - Eldjelprisen

Hermann Skjeldal

Vinnar av Eldsjelprisen 2020

Mottakarar av Eldsjelprisen

2020Hermann Skjeldal
2018Hedvig Røhnebæk
2017Tore Tvilde
2016Peder Ringdal
2015Bjørn Grande
2014Trond Håvard Bjørnstad
2013Tore Nyborg
2012Bjørne Møen
2011Laila Rynning Veum og Per Ove Himle
2010Magne Sørestrand
2009Brynjulf Styve
2008Nils Inge Haaland