Gå til sideinnhold
Heim / Innhaldsartiklar / Å støtta lokal handel
Bilete - Vangsgata

Å støtta lokal handel

I ei tid der sentralisering og netthandel dominerer, er det viktigare enn nokon gong å støtta våre lokale verksemder.

Med å handla lokalt bidreg me ikkje berre til å styrka lokalsamfunnet, men også til å fremja ein sirkulær økonomisk modell der pengar me nyttar lokalt kjem lokale verksemder til gode og sikrar lokale arbeidsplassar og berekraftig lokalsamfunn.

Kva betyr det å handla lokalt?  

Å handla lokalt betyr å velja produkt og tenester som vert tilbydd av lokale verksemder. Dette inkluderer alt frå matvarer frå lokale bønder til klede og anna frå lokale produsentar. Når me vel lokale alternativ framføre store kjeder eller netthandel, bidreg me til å sikra at midlane våre vert i lokalsamfunnet. Midlande du nyttar lokalt, vert ofte reinvestert lokalt, noko som igjen styrker den lokale økonomien og sikrar lokale arbeidsplassar.

Lokale arbeidsplassar

Lokale verksemder skapar arbeidsplassar for folk i bygdene våre. Når store offentlege verksemder dei seinare åra har redusert aktiviteten si ute i distrikta, er det naudsynt at me alle bidreg til å oppretthalda lokalt næringsliv og lokale arbeidsplassar. Lokal handel reduserer òg behovet for lang transport, noko som bidreg til lågare karbonutslepp.

Til tross for fordelane, står lokal handel ovanfor utfordringar som konkurranse frå store nasjonale og internasjonale kjeder og netthandel. Men desse utfordringane gjer også moglegheiter for lokale verksemder til å skilje seg ut med å tilby unike produkt, personleg service og med å skapa ei sterk lokal tilknyting mellom kunde og leverandør.

Lokal identitet

Å støtta lokal handel er meir enn berre økonomi; det er ei investering i framtida og vårt samfunn sin identitet. Når du vel lokalt, bidreg du til å bygga ei meir robust og sjølvstendig bygd. Me i Voss Sparebank oppfordrar alle til å tenke lokalt når dei handlar. Lat oss saman styrke vårt lokalsamfunn, støtta lokale verksemder, og bygga ei berekraftig framtid. Saman kan me gjera ein forskjell, ein lokal handel om gongen.