Gå til sideinnhold
Heim / Innhaldsartiklar / Bilhuset – ein del av den lokale historia
Bilete - Bilhuset

Bilhuset – ein del av den lokale historia

På Istadvegen 9, rett ved sidan av hovudvegen mellom Voss og Granvin, ligg eit nytt stort næringsbygg og glinsar i sola. Over vindauga som strekker seg frå bakken og opp til taket, er bygget døypt Bilhuset.

Ved døra står ekteparet Lena og Stian Ringheim og ynskjer oss velkomen inn i den store hallen med utstilte bilar frå merkene Suzuki, Peugeot, Isuzu, Jac og det nyaste merket i «familien»; Jeep.

Bilete - Bilhuset

Bilhuset er ei satsing frå Motor Service Bilsenter og Ringheim Bilhjelp og Utleige, og stod klart 1. september i år. Dette er, som namnet tilseier eit komplett bilhus, med bilverkstad kombinert med bilsal, i tillegg til bilhjelp og bilutleige.

Fremst i lokalet er bilane utstilt, medan lenger bak i lokalet er det bilverkstad, garderobe, kantine og kontor. I dag husar det nær 2000 kvadratmeter store bygget 16 lokale arbeidsplassar. Sjølv om Bilhuset er eit flunkande nytt bygg med eit tilsynelatande nytt namn, har bedrifta ei lang lokal historie med livslange kundeforhold.

Me har framleis kundar som kjem inn og spør etter farfar, seier Lena.

Djupe røter

I 1961 starta farfaren til Lena, Anders Bakketun, Motor Service AS i Strandavegen 14, i bygget der Art Frisør er i dag. I takt med ein bilbransje i stadig endring, har bedrifta vore i ei kontinuerleg omstilling, og mykje har skjedd i løpet av over 60 år.

I 2021 stod bedrifta i eit vegskilje. Stian og Lena hadde nett teke over Motor Service Bilsenter, og hadde no ansvaret for 10 tilsette i eit lokale der husleigekontrakten var på veg til å gå ut. Dei ynskte å skapa ein sikker, fleksibel og omstillingsdyktig arbeidsstad for framtida, og gje trygge og gode rammer for sine tilsette. No, knappe to år etter, står Bilhuset og glinsar i sola. Arbeidsplassen som før hadde fire løftebukkar på fire mekanikarar, har no fått ti løftebukkar på seks mekanikarar. Namnet på bygget stammar frå 80-talet, då bedrifta gjekk under namnet Bilhuset AS.

For at Bilhuset skal kunne fortsetja å utvikla seg i ein omskifteleg bransje, er det viktig at det vert lagt til rette for endringar også i framtida. Stian fortel at dette har vore eit sentralt fokus gjennom heile prosessen.

Det kan kanskje synest litt vågalt å satsa så stort, og ta inn nye bilmerke no, når den økonomiske situasjonen er som den er. Som bedrift er det viktig å ta stilling til at marknaden heile tida vil vera i ei endring, og difor laga eit godt fundament slik at ein har fleire bein å stå på.

Med høge renter og inflasjon er det kanskje ikkje like mange som kjøper ny bil no, men det resulterer også i at fleire fiksar på bilane dei allereie har, og då er det viktig at me har ein mekanisk verkstad. Seinare kan kanskje bilsalet auka att, så etterspurnaden vil alltid vera i endring.

Fokus på dei tilsette

Då dei skulle planlegga og utforma bygget, var det viktig at dette skulle bli ein god arbeidsplass for dei tilsette.

Det handlar ikkje berre om at me skal selja og fiksa bilar, det handlar også om arbeidsplassane til folk. Me er oppteken av at dei tilsette trivst på jobb, og har lyst til å vera her, seier Lena.

Ein nyttar store deler av livet sitt her, og då lyt ein ha gode arbeidstilhøve, skyt Stian inn.

Kantina er ein fristad der dei tilsette kan slappa av i rolege og innbydande omgjevnader. Med godt isolerte veggar frå den høglytte verkstaden, og eit rom forma for sosialt samvær, er kantina ein stad der ein kan trekka seg tilbake for eit lite avbrekk. Sjølv om det no er fult køyr med dekkskifte for vintersesongen på Bilhuset, er det ein god ro og stille atmosfære her inne.

Lena og Stian har eit godt auga for detaljar som gjer det ekstra kjekt å vera på jobb. Til dømes er dørene til garderobane merka meg teksten «Velkomen på jobb, unge dame/mann!», og i garderoben til damene, også kalla «spaet», er veggane rosa.

Bilete - Bilhuset

Høg lokal verdi

Dei lokale verdiane sit høgt for Lena og Stian, og for dei handlar det om meir enn berre tal.

Me ynskjer å vera ein motvekt til sentraliseringa og kjededanninga ein ser i bilbransjen og i andre bransjar. Fokuset vårt ligg på å nytta lokale ressursar og tenester, og skapa lokale arbeidsplassar, fortel Stian.

Dei er særleg opptekne av at eigarskapet ikkje skal forsvinna ut av bygda, og at verdiar som vert skapt i lokalsamfunnet vert verande her. For Lena og Stian var det avgjerande å ha lokalbanken sin i ryggen for at dei skulle klara å satsa på Bilhuset. Dei nemner ofte Rolf når dei snakkar om prosessen kring etableringa av Bilhuset. Det å ha ein personleg rådgjevar i banken, og ein sparringspartnar frå start, var svært viktig for ekteparet.

I møte med Rolf kjende me oss godt ivaretekne. Me klarte å senka skuldrene, og vart både motivert, inspirert og optimistisk til prosjektet. Me er svært takksame for at banken hadde tru på oss, og såg den lokale verdien i det me ville skapa med Bilhuset, seier Lena.

Ekteparet håpar at det dei har fått til på Istad kan vera med på å inspirera andre til å satsa på nye næringar i lokalbygda. Dei er tydelege på at det er mange med ein gründerdraum og stort pågangsmot i bygdene, og med litt satsing og den rette hjelpa, er det ingenting som er umogleg.

Bilete - Bilhuset
Bilete - Bilhuset