Gå til sideinnhold
Heim / Innhaldsartiklar / Bygda sin bank
Bilete - Bygda sin bank

Bygda sin bank

Voss Sparebank er bygda sin bank. Me har mange ulike kundar på Voss og i bygdene rundt. Me ynskjer å syna fram eit utval av dei flotte kundane våre gjennom bruk av bilete i ulike kanalar. Om du er pensjonist, gardbrukar, ungdom, gründar eller fyrstegongskjøpar – me er her for deg!

Ein ekte lokalbank for alle

Voss Sparebank er stolt av å vera bygda sin bank, ein ekte lokalbank som har vore ein del av samfunnet i over 180 år. Banken har alltid vore forankra i lokalsamfunnet. Me kjenner kundane våre og ser behova deira, og samstundes bidreg me til økonomisk vekst og framgang.

Voss er ein handelsstad og arbeidsplass både for vossingar og folk og verksemder frå bygdene rundt oss; Hardanger i sør, Sogn i nord, og tettstadane vestover mot Bergen. Då er det naturleg å velja ein bank som er open og tilgjengeleg på Voss.

Ikkje berre ein bank

Voss Sparebank er meir enn ein bank; me er ein del av fellesskapet. Banken er eigd av samfunnet, slik alle sparebankar var då dei vart stifta. Det er soleis berre lokalsamfunnet som får utbyte i frå banken. Kultur, idrett, lagsliv og frivillige organisasjonar får kvart år gåver og stønad frå banken. Slik gjer me lokalsamfunnet til ein betre plass å bu og leva. Med engasjement i lokale prosjekt og investeringar, ynskjer banken å fremja vekst og utvikling på Voss og i bygdene rundt.

Bilete - Bygda sin bank

Eit mangfald av kundar

Me vil syna fram bilete av breidden blant kundane våre; gründerar som har fått støtte til å starta eiga bedrift, pensjonistar som sikrar si økonomiske framtid, unge menneske som tek sine fyrste steg inn i vaksenverda, og fyrstegongskjøparar eller sistegongskjøparar av bustad.

Bilete - Bygda sin bank
Bilete - Bygda sin bank

Me er her for deg

Uavhengig av kor du er i livet, er Voss Sparebank her for å hjelpa deg med å nå dine mål gjennom å ta gode økonomiske val. Med ei sterk forankring i lokalsamfunnet vil banken halda fram med å hjelpa kundane våre og bidra til bygda sin vekst og utvikling. Voss Sparebank er stolt av å vera bygda sin bank, ein bank for alle. For Voss og bygdene rundt.

Kom og bli ein del av oss!

Er det noko du lurer på, eller treng hjelp til? Ta kontakt, så hjelper me deg!

Bli kunde hjå oss

Ved å vera kunde i Voss Sparebank er du med på å skapa verdiar som kjem lokalsamfunnet til gode i form av gåver og støtte til lokal aktivitet.