Gå til sideinnhold
Heim / Innhaldsartiklar / Handelslaget, i hjarta av Ulvik
Bilete - Illustrasjon Handelslaget i Ulvik

Handelslaget, i hjarta av Ulvik

Med sine lange kulturhistoriske røter er Ulvik eit samfunn med eit sterkt fellesskap. I meir enn 150 år har Ulvik sentrum vore eit sosialt samlingspunkt. Eit av dei mest sentrale bygga er Handelslaget.

I det tredje krysset etter du kjem inn i Ulvik sentrum ligg Handelslaget og speglar seg i fjorden. Fleire hugsar bygget som «gamle-Coopen», men etter at Coopen vart flytta til nye lokale i 2015, fekk Handelslaget ny drakt og nytt innhald, og i dag finn ein Ulvik Turistkontor her.

Handelslaget har no vorte ein lokal marknadsplass, der store og små lokale produsentar sel varene sine.

Her finn ein mellom anna Silje Syse sine glasprodukt, Ingvild Winthers sin handdreia keramikk, Syse Gard sin eplemost med meir, og Vossabia sin naturlege kosmetikk. Ein får òg kjøpt vevd og strikka handarbeid og antikvarar. Alt er lokalt, sjølvsagt.

Eit sosialt samlingspunkt

Handelslaget og området rundt har vore eit sentralt samlingspunkt i mange år. I 1940, under andre verdskrig, vart bygget bomba, men det vart bygd opp att på starten av 1950-talet, og står like støtt no som då. Rett over vegen ligg Ulvik Kyrkje frå 1859, og lenger ned i gata finn ein Haugesenteret, kor lyrikk, litteratur, kunst og musikk vert vidareført frå den historiske arven.

Som ei lita bygd har dei lokale i Ulvik ei sterk sosial tilknyting, og felles for alle står ynskje om å vidareføra den lokale og kulturelle arven som skapar identiteten til bygda. Med dugnadsand frå eldsjeler og dei lokale, er det framleis eit levande sentrumsliv i Ulvik, med sterke tradisjonar gjennom heile året.

Jolatradisjon

Laurdag 2. desember stod årets jolegateopning i Ulvik for tur, som har vore tradisjon i vel 30 år. Her møttest sambygdingane for å gå fakkeltog medan joleljosa vart tend i sentrum.

Denne kvelden vart òg peparkakebygda avduka. I dei seinare åra har det kome ein ny tradisjon knytt til jolegateopninga. Kvart år kan små og store levera ferdig bygde og pynta peparkakehus, som vert del av ei peparkakebygd som prydar vindauga til Handelslaget i heile desember. Fram til midten av desember kan dei lokale røysta på det peparkakehuset ein likar best, der det vert kåra to vinnarar med flest stemmer. Det vert òg gjeve ein hovudpremie til ein vinnar kåra av ein fagjury. Årets tema for peparkakebygda er Hus i Ulvik.

Bilete - Illustrasjon Handelslaget i Ulvik

Møt oss i Ulvik

Handelslaget husar òg fleire bedrifter og næringar, i form av kontorlokale. Desse vart renoverte og stod klare våren 2023. Det er her du kan treffa Voss Sparebank dersom du ynskjer eit kundemøte. Me er glade for å vera ein del av det lokale sentrumslivet i Ulvik, og hjelper deg gjerne med rådgjeving dersom du har bankrelaterte spørsmål.

Bilete - Illustrasjon Handelslaget i Ulvik